Velkomen til Bykle Breiband
Vår fiberkabel gjev deg over 150 TV-kanalar, filmleige med fjernkontrollen,
lynraske internettlinjer, IP-telefoni og mykje meir!
Bykle Breiband byggjer stadig ut vårt fibernett. Akkurat no arbeider
me blant anna med å gje alle hytter og hus i Hovden Sør tilgong
til fiber. Me gjev oss ikkje før heile Øvre Setesdal er tilkobla fiber.
Fiber er framtidas breiband.
Følg Bykle Breiband og Fiber-Olav på Facebook
Besøk vår butikk i Hovdetun
I vår butikk i Hovdetun på Hovden, kan du kjøpe trådlaus ruter, switch, telefon, digital-kamera
og anna teknisk utstyr. Me kan også hjelpe deg med PC-problem og andre teknologiske
utfordringar du måtte ha. Opningstider er mån-fre, 10-14. Likevel er det ofte nokon
også tilstade i kontortid frå 08-15.30.